Plinius

fredag, november 26, 2010

P 162/10: Medspiller eller løperjente?

Filed under: skole, statistikk — plinius @ 2:59 pm

I 2007 utga Møreforskning en stor og viktig rapport om norske skolebibliotek.

Johan Barstad, Ragnar Audunson, Ellen Hjortsæter, Barbro Østlie. Skulebibliotek i Norge. Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande opplæring. Volda: Høgskolen i Volda/Møreforskning, 2007. – 179 s. (= Arbeidsrapport nr. 204).

Nedenfor siterer jeg en del sentrale utsagn fra kapittel 19. Jeg oppfatter dette kapittelet, med tittelen «Suksessfaktorar – eller hinder», som en engasjert, praktisk og handlingsrettet oppsummering av hele rapporten.

God innsikt

  1. Den kvantitative granskinga har gjeve oss svært god innsikt i kva som er den faktiske situasjon i norske skulebibliotek i dag.
  2. Det vi har sett er at ressurssituasjonen nok vert opplevd både som største hinderet og som største potensialet for å oppnå suksess.
  3. Vi ser også ressursproblemstillinga knytt til intervjua. Her vert det t.d. meldt oss at tida ikkje strekk til.
  4. For bibliotekaren til å kunne engasjere seg i dei ulike tiltak og aktivitetar ho ser som viktige for å utvikle biblioteket, for lærarane at tida er for knapp til at dei kan bruke skulebiblioteket like mykje som dei skulle ønske, og elevane som opplever at bemanning/opningstid er til hinder.
  5. Skiljet mellom skuleslaga kjem klart fram her: vidaregåande har i regelen fagutdanna bibliotekar tilgjengeleg, dette er enno eit sjeldsyn i grunnskulen.
  6. Men det er stadig større del av skulane som har ansvarleg med tilleggsutdanning innan bibliotekfag. Og våre data tyder faktisk på at desse, som på sett og vis har ansvarleg som er både lærarar og bibliotekarar, kan sjå ut til å vere blant dei mest vellukka.

Aktiv medspiller eller passiv leverandør

Langt dei fleste elevane får ei eller anna generell innføring i bibliotek, langt færre får planmessig opplæring med sikte på å setje dei i stand til å utvikle seg som aktive bibliotekbrukarar. Vi kunne observere at tilfeldigheite og personlege eigenskapar også kan sjå ut til å spele ei stor rolle for utviklinga.

  1. Omlag ein tredel av skulane har skuleeigar utarbeidd eigne planar for skulebibliotekverksemda. Men vi såg også at desse planane ikkje i særleg grad var kjende for andre enn skuleleiarane og skulebibliotekansvarlege.
  2. T.d. bibliotekarane seier at dei er nøydde til å prioritere m.a. for kva planleggingsmøte i ulike team og avdelingar som dei skal delta på.
  3. Det inntrykk vi sit att med er knytt til at det ikkje i særleg grad ser ut til å vere arbeidd systematisk med å integrere skulebiblioteket inn i planverket for skulen, særleg med tanke på gjennomføringa av intensjonar og målsetjingar.
  4. Om ein skal sjå nærare på den kontekstuelle rolla for planleggings- og utviklingsarbeidet er det behov for meir informasjon om roller og mandat, satsingar, prioriteringar etc. for dette er inntrykket at det generelt er lågt prioritert.
  5. Vidare er det klårt at den store utfordringa ligg på tidsressursen. Vi har sett at brukarane ønskjer eit meir aktivt bibliotek – eit bibliotek som i tillegg til å ta hand om bøker og media og syte for utlån m.v. også skal utvikle biblioteket til å bli skulen sitt informasjonssenter og verte ein integrert del av undervisninga.
  6. Mange … såg meir snevert på skulebiblioteket. Ikkje som aktiv medspelar men som først og fremst passiv leverandør av visse tenester.
  7. Kunnskapen såg ut til ikkje å flyte seg frå den/dei som var direkte involvert i eit tiltak over til dei som skulle gjere seg nytte av dette.

Kløften mellom ord og handling

Vi kan elles seie at det generelle inntrykket er at alle ser på biblioteket som stadig viktigare i framtida, men at det slett ikkje er klart at alle ønskjer skulebiblioteket tungt inn som aktiv deltakar i det pedagogiske opplegget.

  1. Dette gjaldt alle aktørgruppene.
  2. Når vi intervjua lærarar fekk vi straks inntrykk av at dette hjå dei var tett kopla opp til interesse hjå den enkelte, at det ikkje var slik at organisasjonen bidro aktivt til at alle vart integrert i slik satsing
  3. Mange frå lærarsida tok oppgåva svært alvorleg og la ned innsats for å kunne utnytte bibliotekressursen best muleg.
  4. På den andre sida var det og dei som uttalte at dei var vel nøgde med å ha skulebiblioteket som eit serviceorgan der ein kunne hente inn det ein trong til eiga undervisning.
  5. Tilsvarande syn fann vi att både hjå bibliotekarar og rektorar.
  6. Ingen skular gav oss inntrykk av at det vart arbeidd systematisk med dette.
  7. På det praktiske planet vart inkluderinga kopla til ei målsetjing om at lærarane skulle informere tidlegast muleg om prosjektarbeid, temaarbeid etc. slik at bibliotekansvarlege skulle få godt høve til å skaffe fram fagstoff, førebu utstillingar etc.
  8. Men at dette også ofte stranda på ressurssituasjonen – at lærarane gjerne vart seine med å ta kontakt.

Tilfeldig forandring

Vi har sett at det til ei viss grad eksisterer nettverk mellom skulebiblioteka: i kommunen (først og fremst for grunnskulen) og mellom skular i fylket (vidaregåande).

  1. Det vi ikkje kunne observere var breie alliansar mellom aktørane på skulenivå.
  2. Ikkje at vi opplevde dei som særs motsetningsfylt, men heller at aktørane kvar for seg arbeidde for mål, som isolert sett var til beste for skulebiblioteka, men det var tilfeldig om ein drog i same lei.
  3. Frå leiinga vart det alltid påpeika at ein såg på skulebiblioteket ”som skolens hjerte”, som navet i eit hjul etc. Både eigne forslag til og konkrete tilbod om tiltak og aktivitetar vart i regelen teke svært godt i mot av alle partar.
  4. Problemet vart berre at den totale ressurssituasjon ikkje tillet at dette skulle kunne slå ut i auka tilgang.
  5. Vi såg t.d. mange døme på at ein sette i verk ulike forsøk, nye tiltak etc., men det vart i liten grad formidla til oss om ein systematisk gjekk inn og brukte desse erfaringane for å vidareutvikle biblioteket eller relasjonane mellom biblioteket og skulesamfunnet elles.

Statistikk og kulturell endring

Det vert t.d. kvart år gjeve detaljerte opplysningar om tilvekst, utlån etc. frå skulebiblioteka til bruk i nasjonal statistikkbygging.

  1. Men vi såg aldri at ein systematisk samla erfaring for å bruke denne til å utvikle skulebibliotekfunksjonen.
  2. Korkje på den enkelte skule, i kommunen/fylket eller på høgare nivå.
  3. Lakmustesten vil vere om prosessar, forsøk, tiltak etc. verkeleg fører til at aktørane endrar sine haldningar og handlingar (kulturendring).
    • For å si det på bourdieusk: skjer det endringer i habitus? TH.
  4. Vi kan ikkje sjå at dette har skjedd,
  5. Planmessig satsing på tettare samarbeid mellom aktørane, utvikling av betre forståing for kvarandre sine roller i arbeidet, systematisk arbeid med gjennomføring og eigenlæring skulle difor stå fram som eit reelt alternativ.

Kilde: Kapittel 19. Skolebibliotek. Møreforskning 2009.. Lagt ut på Google Docs. Selve teksten er uforandret, men jeg har lagt inn en del uthevelser – og dessuten delt opp i flere underravsnitt.

Ressurser

Plinius

Plinius  på engelsk

Samstat


Advertisements

Legg igjen en kommentar »

Ingen kommentarer så langt.

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

%d bloggers like this: